Hovedtyngda av vår virksomhet gjeld alminnelege undersøkelsar av pasienter med øyre-nase-hals problem.
Har du vore hos oss tidlegare kan du kontakte oss direkte, mens nye kundar treng ei henvisning frå fastlege eller anna lege.
Vi undersøker i prinsippet alle øyre-nase-hals lidelsar. T.d: mellomøyrebetennelsar, betennelse i øyregangen, biholebetennelse og søvnplager.
Velkomen til Sunnfjord Øyre Nase Hals, din spesialistklinikk for øyre-, nase- og halsmedisin i Sunnfjord. Vi er ein avtalepraksis lokalisert på Apotekergarden, vis à vis Domus, i Førde Sentrum. Hos oss får du spesialistbehandling til offentlege takstar.
Vårt helseteam ynskjer å ha pasienten i fokus. Vi tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av ei rekkje tilstandar knytt til øyre, nase og hals. Vi gjer vårt beste for å ha høg fagleg kvalitet og omsorg i kvar einaste konsultasjon.
Hos oss skal du oppleve god service, trygge omgjevnadar og eit dedikert team som tek seg tid til å lytte og finne den beste løysinga for deg. Vi samarbeider med fastlegar og sjukehus for å sikre rask og rett behandling.
Vi er ein del av det offentlege helsetilbodet i Helse Vest og klinikken er pålagt å drive i henhold til reglar som følge av rammeavtale for avtalespesialistar, inngått mellom legeforeninga og dei regionale helseforetaka. I tillegg følgast dei retningslinjer som er lagt i Lov om Spesialisthelsetjenesten, Helsepersonelloven, Lov om Pasientrettigheter i Norge.
Ta kontakt for timebestilling eller meir informasjon. Ved førstegangs konsultasjon treng vi ei henvisning frå fastlege eller annan lege.
Di helse – vårt fokus!
Jobbar 80% ved Sunnfjord Øyre Nase Hals og 20% ved ØNH-avd., Førde Sentralsjukehus. Først og fremst kirurgi på sentralsjukehuset.
Overlege ØNH-avd., Førde Sentralsjukehus sidan 2002 med særskilt kompetanse og ansvar for øyreplager og øyre kirurgi samt utredning og behandling av søvnsjukdomar.
Utdanna i spesialiteten ved ØNH avdelinga ved Førde Sentralsjukehus og ØNH avdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus, med eit års sideutdanning ved anestesiavdelinga FSS.
Sunnfjord ØNH er ein spesialistpraksis for utredning og behandling av lidingar i øyre-nase-halsområdet, lokalisert på Apotekergarden i Førde (Langebruvegen 15). Sjukdomane vi undersøker er i prinsippet alle øyre-nase-hals lidingar, inkludert søvnregistrering og radiobølgekirurgi.
Klinikken er ein avtalepraksis, dvs. at legen (John Arthur Kvamme) har driftsavtale med Helse Vest. For deg som pasient inneber det at du betaler vanlige eigenandelar for både reise, undersøkelsar og behandling, og at eigenandelane inngår etter vanlige reglar i frikort ordninga
Har du vore hos oss tidlegare kan du kontakte oss direkte, mens nye kundar treng ei henvisning frå fastlege eller anna lege. Vi benyttar moderne utstyr og held oss stadig oppdatert på nye behandlingsmetodar for utredning og behandling av lidingar i øyre-nase-halsområdet.
Sunnfjord ØNH er ein spesialistpraksis for utredning og behandling av lidingar i øyre-nase-halsområdet.
Vi er lokalisert på Apotekargarden, sentralt i Førde sentrum.
Sjukdomane vi undersøker er i prinsippet alle øyre-nase-hals lidingar, inkludert søvnregistrering og radiobølgekirurgi.
Mandlane er to ansamlingar av lymfevev som kan sjåast bak i svelget på kvar side når ein gapar høgt. Sjukdomar i mandlene kan arte seg som gjentatte akutte halsinfeksjonar eller som kronisk irritasjon, gjerne med gule eller kvite propppar som kan gje dårlig ånde. Andre kan ha så store mandlar at det i seg sjølv gir spise eller pusteproblemer med snorking og kvelningslydar om natta.
Operasjonen utførast i narkose både hos voksne og barn ved ØNH-avd. Førde Sentralsjukehus. Avhengig av alder ( i utgangspunktet over 3 år) og reiseavstand, får ein reise heim etterpå eller overnatte på pasienthotell eller sengepost. For barn må pårørande ta hand om den nyopererte etter utskriving, vanligvis er barnet heime første veka etter operasjonen, og må ta det med ro og ha oppsyn i to veker etter operasjonen.
Voksne pasientar blir i utgangspunktet sjukemeldt i 2 veker.
Ved enkelte høve, kan det være aktuelt med behandling av mandler ved hjelp av laser, som utførast med lokalbedøvelse.
Alle småbarn har ein ansamling av lymfevev bak i nasesvelgrommet. Denne kallast for falsk mandel, polyppen eller adenoiden. Ved infeksjonar svulmer denne opp, men skrumper gjerne noko igjen når barnet frisknar til. Når infeksjonane er særlig langvarige/ mange/ harde kan lymfevevet bli varig forstørra. Dette kan føre til ei tilstopping av nasa sin bakre del med snorking, pustestopp med nedsatt søvnkvalitet, nasal tale, hyppige og langvarige forkjølelser og eventuelt øyrekatarr. Hvis den “falske mandelen” gir slike problemer, kan den fjernast ved ein operasjon i narkose ( i utgangspunktet alder over over 2 år).
Etter operasjonen skal barnet haldast inne og i ro eit par dagar før vanlig aktivitet i park,barnehage eller skule.
Den vanligaste grunnen til nedsatt hørsel hos barn er “øyrekatarr”, dvs. at mellomøyret, som skal være fullt med luft, blir tetta igjen med slim, som ofte er seigt. Vanligvis vil dette være ei forbigåande plage som helbreder seg sjølv. Dersom tilstanden blir langvarig med betydelig nedsatt hørsel, kan det opererast inn små ventilasjonsrør gjennom trommehinna, som har en innvendig diameter på 1mm. Dette betrar hørselen meir eller mindre umiddelbart. Inngrepet kan også hjelpe enkelte med særlig hyppige mellomøyrebetennelsar. Barnet bør være 2 år. Operasjonen utførast i narkose hos barn, men i lokalbedøvelse hos voksne. Pasienten holdast i ro inne operasjonsdagen, men vanlig aktivitet kan gjenopptas allerede neste dag. Hos barn vil det ofte være aktuelt å samtidig fjerne den “falske mandelen” også fordi dette kan betre sannsynligheten for at øyrene normaliserast.
Operasjonar i narkose vert henvist til ØNH-avdelinga ved Førde Sentralsjukehus eventuelt Haukeland Universitetssjukehus. Som oftast kan alle forberedelsar og oppfølgande kontrollar gjerast hos oss, eller på sjukehuset.
Radiobølgeconchotomi i lokalbedøvelse og andre kirurgiske inngrep med radiobølgeapparat (Select Sutter). Andre mindre kirurgiske inngrep i lokalbedøvelse kan og vere aktuelle å gjere hos oss.
Radiobølgjeconchotomi er ein skånsom og effektiv behandling for å redusere storleik på nasekonkane, som kan være årsak til tett nase eller dårleg luftpassasje. Behandlinga blir utført med radiobølgjer som forsiktig fjernar overflødig vev. Dette skjer under lokalbedøving, og inngrepet tek som regel berre nokre få minutt. Etter behandlinga kan pasienten oppleve lett ubehag, men dei fleste vender raskt tilbake til kvardagen.
Epistaxis (naseblødning) er ein vanleg tilstand som oftast skuldast tørre slimhinner, små blodårer som sprekk, eller skader i naseveggen. Dei fleste naseblødningar kan stoppast ved å trykkje mot nasebora og halde hovudet framover. Dersom blødninga ikkje stansar, eller om ho kjem hyppig, kan det vere aktuelt med behandling kor vi etsar/brenn for å lukke blodårene. Behandlinga er rask og lite smertefull.
Svimmelheit er eit vanleg symptom som kan skuldast fleire ulike tilstandar. Mange opplever svimmelheit som ei kjensle av uro i balansen, rotasjon, eller at omgivelsane bevegar seg.
Sjå link: Balanselaboratoriet.no
Årsakene til svimmelheit kan variere, og nokre av dei vanlegaste inkluderer:
Krystallsjuke, også kalla godarta stillingsbetinga svimmelheit (BPPV). Dette er ein tilstand som skuldast små kalkkrystallar som hamnar på feil stad i balanseorganet i det indre øyret. Dette kan føre til brå svimmelheit når ein endrar hovudstilling. Behandlinga består av reposisjonsmanøvrar som vi utfører her på klinikken. Desse manøvrane flyttar krystallane tilbake til rett plass, og dei fleste opplever rask betring etter behandlinga. Link til øvelsar
Virus på balanseverven (vestibularisnevritt) Kan gje akutt svimmelheit over fleire dagar
Menière’ s sjukdom: Episodar med svimmelheit, kombinert med høyrselstap og øyresus
Blodtrykksendringar: Kan gje svimmelheit når ein reiser seg opp raskt.
Stress og angst: Dette kan gje ei kjensle av ubalanse og svimmelheit.
Søvnregistrering er ei enkel undersøking som kartlegg søvnkvalitet og pustemønster gjennom natta. Denne undersøkinga kan avdekke søvnapnè, ein tilstand der pusten stoppar midlertidig fleire gongar under søvn. Symptom på søvnapnè kan inkludere snorking, dagtrøytte, konsentrajonsvanskar og hovudverk.
Søvnregistreringa skjer ved hjelp av eit lite apparat som pasienten tek med heim og brukar gjennom natta. Pasienten får tildelt to ulike timeavtaler, som gjeld planlagt søvnregistrering. Første dagen er det legeundersøking og utlevering av søvnregistreringsutstyr. Pasienten søv heime og kjem tilbake med utstyret for gjennomgang av registrering neste dag.
Resultata frå registreringa blir analysert av ØNH spesialist, og om søvnapnè blir påvist, kan vi anbefale aktuell behandling, som til dømes CPAP-maskin. Sjå link: www.sovno.no.
Audiometri er ei undersøking som målar høyrselen din for å avdekke eventuelle høyrselstap. Vi tilbyr fleire typar audiometri for å kartleggje høyrselsen på ein presis måte:
Luftleiingsaudiometri er den vanlegaste høyrselstesten, der vi målar kor godt lydar blir fanga opp av øyregangen og det indre øyret. Pasienten lyttar til ulike tonar gjennom hovudtelefonar, og signaliserer når ein høyrer lyden.
Beinleiingsaudiometri, her undersøker vi korleis lyden blir oppfatta direkte gjennom beinstrukturen i hovudskallen, utanom øyregangen. Dette gir viktig informasjon om høyrselen i det indre øyret og hjelper oss med å skilje mellom sensorinevralt og konduktivt høyrselstap.
For små barn nyttar vi Leikeaudiometri, som gjer undersøkinga meir engasjerande og lettare å gjennomføre. Barnet blir oppmuntra til å delta gjennom leik, som til dømes å plassere klossar i ei bøtte kvar gong dei høyrer ein lyd. Dette er ein trygg og barnevenleg metode som gir oss god informasjon om høyrselen til barnet.
Taleaudiometri måler kor godt pasienten oppfattar og forstår tale i ulike lydnivå. Dette blir utført med enkeltord, og gir verdifull informasjon om høyrselen i praktiske situasjonar, som til dømes samtalar i støyande miljø.
Undersøkingane er smertefrie og tek mellom 15 og 30 minutt. Basert på resultata kan vi tilrå vidare behandling eller tiltak. Ved behov for tilpassing høyreapparat vert pasienten henvist til audiograf ved Hørselssentralen på Førde Sentralsjukehus.
Immunoterapi er ei langvarig og effektiv behandling ved kraftige allergiar mot gras-, bjørkepollen samt husstøvmidd. Behandlinga går ut på å gradvis auke toleransen mot allergenet gjennom dagleg vaksinasjon med smeltetablett under tunga. Behandlinga går over ein periode på 3 år, og utførast heime. Oppstart av vaksinasjon må utførast med helsepersonell tilstades. Vaksinasjonen kan redusere plagene, og i mange tilfelle føre til at allergien nesten forsvinn.