Om oss

Her finn du oss

Velkomen til Sunnfjord Øyre Nase Hals, din spesialistklinikk for øyre-, nase- og halsmedisin i Sunnfjord. Vi er ein avtalepraksis lokalisert på Apotekergarden, vis à vis Domus, i Førde Sentrum. Hos oss får du spesialistbehandling til offentlege takstar.

Vårt helseteam ynskjer å ha pasienten i fokus. Vi tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av ei rekkje tilstandar knytt til øyre, nase og hals. Vi gjer vårt beste for å ha høg fagleg kvalitet og omsorg i kvar einaste konsultasjon.  Hos oss skal du oppleve god service, trygge omgjevnadar og eit dedikert team som tek seg tid til å lytte og finne den beste løysinga for deg. Vi samarbeider med fastlegar og sjukehus for å sikre rask og rett behandling.

Vi er ein del av det offentlege helsetibodet i Helse Vest og klinikken er pålagt å drive i henhold til reglar som følge av rammeavtale for avtalespesialistar, inngått mellom legeforeninga og dei regionale helseforetaka. I tillegg følgast dei retningslinjer som er lagt i Lov om Spesialisthelsetjenesten, Helsepersonelloven, Lov om Pasientrettigheter i Norge.

JAK

John Arthur Kvamme

Spesialist Øyre Nase Hals, Hode- Halskirurgi

Jobbar 80% ved Sunnfjord Øyre Nase Hals og 20% ved ØNH-avd., Førde Sentralsjukehus. Først og fremst kirurgi på sentralsjukehuset.

Overlege ØNH-avd., Førde Sentralsjukehus sidan 2002 med særskilt kompetanse og ansvar for øyreplager og øyre kirurgi samt utredning og behandling av søvnsjukdomar.

Utdanna i spesialiteten ved ØNH avdelinga ved Førde Sentralsjukehus og ØNH avdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus, med eit års sideutdanning ved anestesiavdelinga FSS.

KAM

Kamilla Halvorsen

Driftsansvarleg

Hjelpepleiar og utdanning innan økonomi.

Erfaring frå Handel og kontor, kommunal helsesektor, bedriftshelsetjeneste og frå ØNH poliklinikk Førde Sentralsjukehus.